Ta dere tid til å lese Arne Torget sine tanker etter Askøykonferansen

Arne Torget har laget en fantastisk oppsummering av Askøykonferansen – en tekst som virkelig fanger øyeblikkene, stemningen og budskapene fra dagen.

 ASKØYKONFERANSEN 2025
Eg var med på Askøykonferansen i fjor
Og det må eg sei, det spirer og gror!
På Standområdet ser eg samkvem, humør og optimisme
Nærast som ein slags kortreist spiritisme!


Her ser du ein gjeng som går saman i stim
Anført av næringslosen og hans team!
FOLKENE PÅ JOBBEN er årets tema
Og konferansen starta akkurat på skjema.


Unge, uredde Kristian Handeland
Starta konferansen med gitar i hand.
Hjerteknusar strøyma ut til trøyst
Med Kristian si nydelege røyst.


Det er ei energisk, fantastisk oppvising vi får
Kristian er eit stjerneskot for framtida vår!
Men så var det slutt på kosen
No kom ordflrar Yngve og næringslosen.


Det er menneskene, det er vi
Som gjer ein arbeidsplass innhald og energi.
Slik vart vegen for konferansen lagt
Ta med dåke alt det gode som blir sagt.


Korleis vi saman blir betre i lag
30 utstillarar er med her i dag.
Samarbeidspartnarane vart presenterte
Det er berre å bli imponerte og inspirerte.


Stig Ryland, kulturbyggjaren med Askøy i blodet
Har alltid klar nokre ord som er gode.
Om Amundsen mot sydpolen med sine menn
Som på tur fram planla turen attende igjen.


Det er som den gongen, i vår generasjon
Som med alt, det handlar om motivasjon.
Men den gongen, isen, for hundre år sidan med dårlige ski
Hadde dei ingen QR kode å scanna for å sei meininga si!


Ulf Andersen -statistikksjef- NAV
Byrja med Askøy som har vekst i søkk og kav.
Sannsynlegvis Europameister i statistikk
Som har sett på Askøy med eit grundig blikk!


Fødselstala går dessverre ned
Det må vi gjera noko med.
Å laga barn er bra for både helsa og humøret
Så her gutar, er det berre å hiva ut snøret!


Helse og omsorg treng hender for å ta vare på
Den generasjonen som vi representerer nå.
Forsørgarbrøken peikar feil veg
Noko å tenkja på for meg og deg.


Sjukefråveret steig med pandemien
Og enno er vi ikkje kome oss av stien.
1000 årsverk er vekke på eit vis
Isbjørn kunne produsert jysla mykje is!


Vi er best i norden på å vera sjuke
Med klar ledelse utan luke.
Men vi er glad i jobben, vi er dritfornøyde
Men istaden for framme i skoa går vi framoverbøyde.


Dette avlar utanforskap
Totalt for nasjonen er det eit tap.
På Askøy er det ein av fem som står på sida
Som er heilt utanfor arbeidslivet for tida.


Fleire av dei vil ikkje dette
Dei vil gjerne bidra om det blir lagt til rette.
40 milliardar er den årlige kroneverdien
Om du gjer menneske mulighetane og energien.


I bergen snudde dei han ryggen
Når han sa dei kunne få gratis bybane over og under bryggen.
Ulf hadde mykje god statistikk
Det er berre å ta fram god seniorpolitikk.


350 årsverk for Askøy kan det bety
Kanskje det er på tide å sjekke ressursane på ny?
Løysinga er iallefall klar
Du finn det i dei folka vi allereie har!


Folkene på jobben; Når vi ligger under 4-0 til pause
Er det nokon grunn til å vera så rause?
Remy Atle Bilsback – Kundemegler i SPB Norge for valuta og rente
Spente på kva vi no hadde i vente.


Korleis kan vi gjere vårt beste
På nivået vi veit vi fiksar det meste?
Korleis kan du motivere dine kvinner og menn
Til å gå ut på banen som vinnarar igjen?


Det vi snakkar om er relasjonskompetanse
Negative visjonar må få lov å stanse.
Berre lytte, til andre, til eventyret
Kanskje får du auge på fyret.


Det som viser vegen til dei vi har nære
Kjenner på det kjente og kjære.
Kven er du? Kjenner du deg sjøl
Kjenner du fortvilelse eller jubelbrøl?


Er det fokuset du må flytte?
Har du tenkt på å øve på å lytte?
Lytting er kanskje beste kommunikasjonen vi har
Jan Spurkeland er relasjonsbyggingens far.


Trygghet, tillit, saman som lag
Heile året, kvar einaste dag.
Tillit, handlingar, stå for dine ord
Trygge saman rundt same bord.


Fritid og arbeid, det er same tanken
Heile vegen frå garderoben til banken.
Møte mennesker, møte blikk
Det er menneskene på jobben som er din butikk.


Det er dei du jobbar med som er din største ressurs
Det er saman, skulder ved skulder vi set kurs.
Men ingenting kjem rekande på ei fjøl
Fyrst av alt, bli kjent med deg sjøl!


Pause mingel – besøk på stands og messespel
Inger Arntsen ledar ein heil del.
Vi trenger et arbeidskraftløft: Helene Frihammer frå NHO
Var den neste Stig presenterte no.


Helene er NHO sin regiondirektør
gjekk baklengs inn i bilen i dag tidleg med godt humør.
NHO jobbar tett saman med NAV
Kompetansen vi treng, kor blir den av?


Kompetansebehovet er stort hos mange
Er deg noko vi kan ta tak i og fange?
Smarte løysingar og økt arbeidstilbud kan dekke tapet
Og redusere det store finansieringsgapet.


7400 unge står utenfor i Vestland i år
Det er vi som kan bestemne kor vegen går.
Sommarjobb kan gje dei eit hint av arbeidsliv
Og er eit godt og fornuftig initiativ.


Ser vi, treff vi, dei unge?
Er vegane inn til ungdommen for tunge?
Forstår vi dei unge si ramma?
Kva i pokker gjer du på TikTok mamma?


Gjer vi sjansar til dei som kanskje er dei vi treng
I staden for å pøse ut annonsar på spreng?
Framo er langt framme med ope sinn
Og har ein arme med unge lærlingar på veg inn.


Visste du at Vest Politidsitrikt er Europas mest innovative
Som tar ny teknologi i bruk i det verkelege livet.
Det er gode historiar med dei som tenker nytt
Så ser du nokon med gode idear, så lytt!


Havvinindustrien er ei framtid for vestnorsk industri
Som er lønsam og grøn med ny teknologi.
Karsten Moholt og Biologen Herdla vert og trekte fram
Som har ny teknologi på sitt daglege program.


Hvordan Bygge laget? Thorir Hergeirsson
Sjefen som fekk damelandslaget til å trø gassen i bånn.
Kva er hemmeligheten til denne gode feen
Som gav oss alle ein smak av suksessen.


På Island der han vaks opp var dei få
Naturleg at dei store trente dei små.
Fagbrevet som snekker gav han kompetansen han har i dag
Kan du bygge hus, kan du bygge lag.


Ulike personar har ulike reiser, ruta er stram
Ulike motivasjonar på vegen fram.
Alle er vi ulike personar
Med ulike bakgrunnar, kunnskap og refleksjonar.


Thorir blei henta inn på tross
Kunne hissigproppen bli jentene sin boss?
Marit Breivik tok han med inn i ein kultur
Byggmesteren kunne bygge på ein solid mur.


Menneske med mål og forskjellig kompetanse
Med forpliktelsar, det nyttar ikkje å stanse.
Tydelige forventningar og krav.
Alle må vite kor målet blir av.


Samarbeidsvilje og evner kan trenast
I god kultur kan ulikhetane forenast.
Trivsel og trygghet er som kjent
Verdens beste og stødigaste fundament.


Definerte roller og aksept
Rolleforståelse er den beste resept.
Delingsvilje og utviklingsfokus er nøkkelord
Bærekrafta for det beste damelaget på jord.


Ydmyk i medgang er bra
I motgang kan du godt vere sta.
Lederskap er vegen til overordna mål, det er ikkje tull
Du er frivillig på jobben, på vegen til gull.


LAGET er viktig, men kva med individet, er det ute på kanten?
Det er like viktig å ha med kranglefanten.
Han som aldri er enig og utfordrar deg
Kompasset som korrigerer steg for steg.


Laget er så bra som den enkelte har viljen til
Evnen til å ikkje gå seg vil.
Laget sin totale prestasjon
Er avhengige av den enkelte sin motivasjon.


Forpliktekseskultur er det nye ordet
Som kroppsspråkserpert Hergeirsson tar til bordet.
Timeouten var intens og litt for kort
uten meg og Ola hadde lite på jobben blitt gjort.


Tenk på kva som er din styrke
På din arbeidspass, i ditt yrke.
DU er på laget av ein grunn
Ein spisskompetanse, holdning som er sunn.


Det er ein referanse, ikkje for dei fleste
Å ha kvar einaste kamp mot dei aller beste.
IKkje berre gjer dei seg flid
Dei leverer kvalitet i kamp etter kamp, over tid.


Kathtine Lunde har 25 mesterskap på rappen
Då har du prestasjonskultur i pappen.
Då har du ein ekstrem indre driv
Som kanskje du kan sjå til i ditt liv.


Ho treng ikkje kapteinsbind for å stå fram
Står fram som ein leiar med brask og bram.
Det er slike haldningar som spirer frå frø
I sterkt utviklingsorienterte miljø.


Begeistring, Innsatsvilje, Respekt, Fairplay er laget si ånd
Å snakke med, ikkje til skaper sterke bånd.
Siste TimeOuten var sterk
Ola og eg konkluderte med at suksessen på jobben er vårt verk.


Leiarane og mellomleiarane skal gå fremst
Rak i ryggen, ikkje gå bakerst og skjemst.
Forbilder kan vi bli, ikkje stress
Utvikling er ein kontinuerlig prosess.


Ta nåken på fersken i å gjere noko bra
Roger Finjord sitt uttrykk er godt å ha.
Så ta Thorir med deg og gjer ditt beste
Ta bedriften din frå ein topp til den neste.


Kristian Handeland tok tak i Clapton sitt drama
Då han prøvde seg på George Harrison si dama.
Frå håndballen, byggverket, og muren
Men kva hadde vi vore uten kulturen?


Kva med dei vi ikkje slepp frsm og lar dei skinne
Det er sa mange som har noko godt inne.
Det var mange no, som tenkte i salen vår
Så dyktig, og berre 16 år!


Lunsjpause og mingling og standbesøk
Ute minna det ikkje om sydlegare strøk.
Det var mange som sikla lett
På ATV-en med brøyteskjær frå Ola Espeseth.


Stig tar oss inn, det er meir i restanse.
Stine Kvåle Bergersen – Framo med Framtidens Kompetanse.
Stig introduserte ho med sitat frå Martin Luther King
Om draumar og mulighetar og sette ho i sving.


Teknisk Almennfaglig utdanning, eller TAF
Var pappa til Stine sin milde straff.
Men framtida blei ikkje grusa
Ho blei tatt inn i varmen hjå FRAMO Fusa.


FRAMO har rekruttert frå Fusa Vidaregåande i 34 år
Med TAF er det eit heilt unikt løp du får.
Spesiell studiekompetanse og fagutdanning i ett
Den vegen er det fleire som skulle sett.


Over 100 lærlingar, mange jenter på laget
Eit stort fellesskap med felles veg mot faget.
Og Stine har litt av ein skrytevegg
Ho har 20 år i bedriften og må vise legg’.


Fekk høgskule med bedriften si støtte
Som gjorde det lettare med utfordringane ho møtte.
Ho vart høgare på seg sjøl enn før
Og enda opp som serviceingeniør.


Hadde eit sidesprang i Corvus med grøn energi
Før ho vart kalla heim etter eit par års tid.
Ho har stege i gradene, var ikkje eit blaff
Anbefaler andre bedrifter å satse på TAF.


Nettverk: Kynisk spill eller smart strategi:
Anita Mannes – Visere, har nokre tips på si.
Stig gav ho ein historie på lasse’
Askeladden som nettverksbyggar av fyrste klasse.


Kven er du? Kva er dine verdiar
Kva er dine innerste fatasiar?
Kva er det du ser etter når du skiftar beite?
Kva er det som får deg til å gå ut å leite?


Korleis bygger du nettverket ditt?
Tar du vare på kontaktar, litt etter litt?
For ein god bedrift er det bredden som trengs
Gode folk som går lykkelige til sengs.


Du treng ikkje bli den sure i midten
Det gagnar deg faktisk ikkje bitten.
Eit av dei gode tipsa ho delar
Er å ha høg ETOS og høge hælar!


Vær interesserte i menneske uansett
Prøv å ha tonen lystig og lett.
Ikkje bli ein programhelt som sviktar
DU kan lett bli ein mislykka diktar.


LInkedIn er ein god plass å vera
Der vaksne kan få lov til å briljera.
Der dei gode orda kan flomma
Og er så langt frå TikTok som du kan komma!


Det er eit stort nettverk for dei som vågar
Kontakt Anita om du treng havbunnsgeologar.
Hvordan bygge en god bedriftskultur?
Linda Nordskog – Mentora har tipsa på lur.


Du er ikkje kreativ med ein surpomp i hus
Husk å rist deg om du er harepus.
Av alt det lure du kan prøve
Husk at du kan vere ei løve.


Gode øvelsar kallar
Frode måtte stå på tennisballar.
Vi har mange eigenskapar dom er meir eller mindre lure
Menn gløymer at damene er sure.


Du er den du er og vil det du vil
Det er ikkje måte på kva du får til.
Husk å søk støtte, så står du støtt
Ein ny versjon av deg sjøl blir født.


Vår eigen daglege energi
Består av fysikk, kjemi og biologi.
Tanke, bevisthet og følelsesapparat
Det er viktig at tanken får mat.


Få jobben gjordt og gjer deg fri
Husk livet er kjærlighet, glede og empati
Vi merka godt Linda sin gode energi
Ho kunne lett holdt på ein times tid. OG vi hadde faktisk vore like blid!

Stig kjem inn på kunstig intelligens på fleire nivå
Eit tema mange av oss er usikre på.
Fremtidens arbeidstaker med eller uten AI: blir vi mindre kule? Kim Nilsen Aarberg og Terje Pedersen – Kleppestø Ungdomsskule.

To unge menn, som er nysgjerrige på teknologi
Som ser dei unge og korleis framtida kan bli.
EIn pedgog og ein teknolog
Som har teke tak i utviklinga dei såg.


Dei unge nye som samfunnet skal ta i mot
GJe dei jobb, så dei blir trygge og slår rot.
Dei brukar verktøy som held informasjonen på kontrollert nivå
Slik at KI er trygt å prøva seg på.


Vi fekk sjå korleis KI prosesserer informasjonen dei har fått
Og laga seg ein liten PODcast like godt.
Er den kunnskapen elevane no får
Noko som blir ettertrakta om fem år?


Det gjeld å sjå behovet og ha trua
Gapet er stort, skulen er brua.
Grip mulighetane du ser
Ikkje ver likegyldig til utviklinga som skjer.


Bruk utdanninginstitusjonane, still krav
Stå ikkje med hua i handa når det tar av.
Skal bedriften din vere med å danse
Kleppestø er langt framme på KI kompetanse.


Idiotane på jobben, korleis taklar du dei?
Per Henrik Stenstrøm veit og viser vei.
Frå starten var vi litt på tuppa
Der han delte oss inn i kvar vår gruppa.


Eg og Ole var i gruppa med dei blide fjesa
Bak oss sitte sytpeisane så lika å fresa.
Dei pliktoppfyllande sat attmed oss igjen
Og bak der dei mest travle kvinner og menn.


Kva skiller ein god arbeidsplass frå ein dårlig
Frå der stemningen er god til han er alvorlig.
Kva gjer at det er idiotane som får rå
Og du går og irriterer deg blå?


Er ei lita samling plaster på såret
Som i eit lite kick-off ein gong i året?
31 prosent opplever forholdet til ledelsen som mindre bra
Nett som måsen, skal ha, skal ha skal haaaaaa!


Ikkje minst er kundane ei kilde til irritasjon
Korleis skal vi takle ein slik situasjon?
Og endå verre kan det bli
Du kan begynne i ein barnehage med ungar i!


Slik kan du få dagane til å gå
Med kommunikasjon på lavt modenhetsnivå.
Feil kan du gjera, det er lett skal du sjå
Berre du ikkje jobbar i gravferdsbyrå.


Utfordringar kan vi alle ta fatt
Gje ikkje druer til ein apekatt.
Då blir dei i fårlig lune
I alle fall dei som jobbar i øygarden kommune!


Løysinga er eigentleg lett å sjå
Forstå dei folka du ikkje kan forstå.
Folk som er umulige å gjennomføre ein prat
Har på irriterande skjerf eller et makrell i tomat!


7 Kollegatypar blei presenterte på kvisten
Primadonnaen, bedrevitaren, skrytepaven, superoptimisten.
Pessimisten er sjølsagt alltid på plassen
Motarbeidaren og gratispassasjeren har har foten på gassen.


Stig ringa elegant inn alt som hende
Fekk Amundsen og gjengen trygt attende.
Det er ingen ved sida, ingen er lik
Sjølvaste næringslosen, Frode Hetlevik.


Frode takka menneska rundt losen
Trond Minde, interactive people, som stod for spelet og kosen.
Byfjordfestivalen har stått for premien i år
Helgepassa er det Therese Nilsen, Inger Arntsen og Trine Minde som får!


250 stykk som har vore samla i dag
Saman i Kipo, på Askøy sitt lag.
Agenda Vestland, Sparebanken Norge og FRAMO
Som har stått for finans av den flotta ramo.


Alle sponsorar, samarbeidspartnerar og utstillarar som stiller opp
EI levande næringsliv med formen på topp.
Askøy kommune og dei beste seneteknikarane i Norge
Direkte frå Fargeriet, Arne Torget

Ønsker du å bli en av våre Samarbeidspartnere?

Askøy Næringsråd

Askøy Næringsråd (ANR) er en organisasjon for næringslivet på Askøy, og her har vi samlet over 200 små og store bedrifter. Vi arrangerer aktuelle frokostmøter i tillegg til sosiale sammenkomster Følg med på vår nettside og FB-side for oppdatering av arrangementer.

Abonner på vårt nyhetsbrev


© Askøy Næringsråd. Alle rettigheter forbeholdt. Org nr 985 743 312